NIBIO forskarar advarer mot bladlus i norske salatavlingar; 50–80% avlingstap i enkelte kulturar Bladlus trugar salatavlingar – ei varsellampe for norsk beredskap - Nibio Bladlus trugar salatavlingar – ei varsellampe for norsk beredskap Salatdyrkarar og andre matprodusentar fryktar for avlinga når skadegjerarane spreier seg og dei ikkje lenger har tilgang til plantevernmiddel dei tidlegare kunne nytte. Foto: Erling Fløistad Skadegjerarar truer norske avlingar, samtidig som viktige plantevernmiddel har forsvunne frå marknaden. Bønder manglar effektive alternativ. Det kan gi store avlingstap og svekke norsk matberedskap. Ein ny rapport frå NIBIO åtvarar om at løysingane kjem for seint. – Vi får tilbakemeldingar frå salatdyrkarar og andre som fryktar for avlinga når skadegjerarane spreier seg utover sommaren, og dei ikkje lenger har tilgang til plantevernmiddelet dei tidlegare kunne nytte, seier forskingssjef Ingeborg Klingen ved NIBIO. Ho er ein av forfattarane bak rapporten som peikar på eit meir overordna problem: mangelen på gode alternativ til kjemiske plantevernmiddel i norsk landbruk. – Vi har eit mål om å redusere bruken av kjemiske middel, men vi manglar framleis gode nok løysingar innan integrert plantevern (IPV) som kan erstatte dei. Det blir veldig tydeleg i situasjonar som denne, seier Klingen. Ifølgje rapporten er plantehelse heilt avgjerande for norsk matproduksjon. Uten effektive tiltak mot planteskadegjerarar kan avlingstap vere mellom 50 og 80 prosent i enkelte kulturar. – Dette viser kor sårbart systemet er. Når vi manglar tiltak mot konkrete skadegjerarar, får det direkte konsekvensar for avling, økonomi og matberedskap, seier Klingen. Sidan 2015 har Noreg følgt EU sitt direktiv for berekraftig bruk av plantevernmiddel, med mål om meir integrert plantevern og redusert kjemikaliebruk. Men over ti år etter er mange av løysingane framleis ikkje på plass. – Det er framleis for få praktisk brukbare IPV-verktøy for dyrkarane. Samtidig ser vi at bruken av enkelte kjemiske middel aukar, ikkje går ned, seier ho. Rapporten peikar på fleire behov: meir forsking og utvikling av alternative metodar, betre regelverk tilpassa nye løysingar og auka kunnskap om korleis klimaendringar påverkar skadegjerarar. – Vi må utvikle nye metodar som kan erstatte kjemiske middel. Det handlar både om plantevernprodukt med lav risiko, teknologi og betre forståing av samspelet mellom plantar, skadegjerar og miljø. Når det gjeld tilgang til plantevernmiddel med lav risiko har norske bønder færre å velje mellom enn kollegaer elles i Europa, seier Klingen. Ho understrekar at utfordringa ikkje berre gjeld salat, men ei rekkje kulturar i norsk planteproduksjon.– Dette handlar om systemet som heilskap. Mangelen på verktøy er ikkje avgrensa til eitt skadeinsekt eller éin kultur. Sjølv om situasjonen er krevjande, peikar rapporten også på at norsk forsking og næring har vore gode på enkelte område. Særleg innan presisjonsjordbruk og teknologi for ugraskontroll er det utvikla løysingar som reduserer bruken av plantevernmiddel betydeleg. – Norske aktørar har vore dyktige på å utvikle teknologi som både blir brukt nasjonalt og eksportert. Dette viser at det er mogleg å få til innovasjon på området, seier Klingen. Samtidig som fleire kjemiske plantevernmiddel blir fasa ut av omsyn til miljø og helse, aukar behovet for alternative løysingar. – Vi står i ein krevjande balanse: Vi skal redusere kjemikaliebruken, men samstundes sikre matproduksjonen. Då er vi heilt avhengige av å utvikle fungerande alternativ, seier Klingen. For salatdyrkarane er behovet akutt. For landbruket som heilskap er det ein varsellampe. – Dette viser kor viktig det er å styrkje forsking, utvikling og samarbeid mellom forskarar, rådgivarar og næring. Elles risikerer vi fleire slike «hol» i plantevernet framover, avsluttar ho. forskningssjef - Divisjon for bioteknologi og plantehelse (+47) 930 92 211ingeborg.klingen@nibio.noKontorsted: Ås - Bygg H7 Rapport:Kunnskapsstatus og -behov innan plantehelse i norsk jord- og hagebruk (2019–2026)https: dh3r-db04Oppdragsgiver:LandbruksdirektoratetUtført av:NIBIO i samarbeid med Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Mattilsynet, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og dyrkere (Fokusgrupper).Bakgrunn:Bestilt etter semje i jordbruksoppgjeret 2025 om behov for oppdatert kunnskapInnhald:Kunnskapsstatus for god plantehelse, effektivt plantevern og alternativ til kjemiske plantevernmidlarAvgrensing:Omfattar skadegjerarar og planteverntiltak i jord- og hagebruk i NoregFormål:Å styrkje kunnskapsgrunnlaget for tiltak, forvaltning og vidare utvikling av berekraftig plantevern Rapport:Kunnskapsstatus og -behov innan plantehelse i norsk jord- og hagebruk (2019–2026)https: Utført av:NIBIO i samarbeid med Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Mattilsynet, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og dyrkere (Fokusgrupper). Bakgrunn:Bestilt etter semje i jordbruksoppgjeret 2025 om behov for oppdatert kunnskap Innhald:Kunnskapsstatus for god plantehelse, effektivt plantevern og alternativ til kjemiske plantevernmidlar Avgrensing:Omfattar skadegjerarar og planteverntiltak i jord- og hagebruk i Noreg Formål:Å styrkje kunnskapsgrunnlaget for tiltak, forvaltning og vidare utvikling av berekraftig plantevern Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til. Forskningsrapport –Kunnskapsstatus for god plantehelse, effektivt plantevern og alternativer til kjemiske plantevernmidler I Jordbruksoppgjøret 2025 (Prp. 149 S (2024 – 2025)) ble det enighet om at kunnskapsstatus og -behov innen plantehelseområdet fra 2019 måtte oppdateres. Det er gjort i form av denne rapporten. Den bestilte utredningen er avgrenset til skadegjørere og planteverntiltak som er relevante for jord- og hagebruk. Utredingen tar for seg kunnskap, prosjekter og kunnskapshull siden 2019 og fram til i dag (2026). Kapittel 1 omtaler metodebruk og plantevern i et beredskapsperspektiv. Kapittel 2.1-2.8 omhandler status for utfordringer med skadegjørere og tilgang til planteverntiltak for alle aktuelle plantekulturer for ugras, skadedyr og sopp. Kapittel 2.9 gir en oversikt over godkjente og utgåtte plantevernmidler siden 2019. Kapittel 2.10 omhandler skadegjørere hvor kjemiske plantevernmidler er i begrenset bruk. Det vil si virus, bakterier og nematoder. Kapittel 3 tar for seg ny teknologi og innovative metoder for integrert plantevern og faktorer som påvirker bruken av disse. Kapittel 4 omhandler miljø- og helseeffekter knyttet til bruk av kjemiske plantevernmidler, hvilke plantekulturer som utgjør størst risiko for negative miljøeffekter og faktorer som reduserer helserisikoen. Kapittel 5 tar for seg næringens behov og utviklingstrekk knyttet til kunnskap, rådgivning og tiltak. Dette kapittelet ser også på årsaker til eventuelle endringer i bruk av og behov for plantevernmidler som følge av for eksempel miljøkrav. 150 år med tørråteforsking – sjukdommen er framleis ei utfordring Potettørråte er ein av dei mest øydeleggjande plantesjukdomane i verda. I år er det 150 år sidan Anton de Bary knytte sjukdomen til organismen Phytophthora infestans. Samtidig gir ny forsking håp om betre forståing og meir effektive tiltak. Integrert plantevern for bærekraftig matvareproduksjon God plantehelse er vesentlig for at vi skal få nok mat. Uten plantevern ville sju av ti planter blitt spist av skadedyr, ødelagt av sykdommer eller utkonkurrert av ugras. Kjemiske plantevernmidler kan imidlertid være skadelige for helse og miljø. Derfor trenger vi nye metoder som kan erstatte sprøytemidlene. Flere våpen mot skadedyr i protein- og oljevekster Skadedyr truer norsk dyrking av erter, åkerbønner og oljevekster – samtidig som tilgangen på kjemiske plantevernmidler blir stadig mindre. Nå må bøndene ta i bruk nye metoder for å beskytte avlingene. Alt du lurer på om plantevernmiddel I Noreg har me eit mål om å gjere samfunnet mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel og samtidig redusere risikoen ved bruk av slike middel. Men kva er eigentleg plantevernmiddel? Her får du ein oversikt over det viktigaste du treng å vite om temaet. Bladlus er berre ein av mange skadegjerarar som kan true norsk matproduksjon og beredskap. Foto: Erling Fløistad --- Source: https://nibio.no/nyheter/2026/bladlus-trugar-salatavlingar--ei-varsellampe-for-norsk-beredskap sdDatePublished: 2026-04-30T14:10:00Z Topics: agricultural technology, pests, food and drink regulations, sustainability, public health Locations: Norway, Ås