Statens vegvesen stenger Fløyfjelltunnelen neste helg i Bergen; stor kø og omkøyringar

Stenging i Fløyfjelltunnelen neste helg – berre sørgåande løp | Statens vegvesen

For at nettsidene skal fungere best mulig for deg, må du aktivere JavaScript i nettleseren din. Her finner duveiledning til hvordan du aktiverer JavaScript i nettleseren (ekstern lenke).

Du kan også bruke nettsidene uten å aktivere JavaScript.Bruk søketellernaviger ved hjelp av nettstedkartet.

Stenging i Fløyfjelltunnelen neste helg – berre sørgåande løp

Neste helg, frå fredag 8. mai til måndag 11. mai, skal Statens vegvesen gjennomføre naudsynt arbeid i Fløyfjelltunnelen.

Berre sørgåande løp (mot Bergen sentrum) blir stengt, medan nordgåande løp er ope.

Arbeidet er nødvendig for å etablere brannsikker straumforsyning til naudutrusting og ventilasjon, og er eit viktig tiltak for tunnelsikkerheita. Stenginga gjeld frå klokka 17.00 fredag 8. mai til klokka 05.30 måndag 11. mai,noko Statens vegvesen varsla alt førre veke.

¤ Sørgåande løp i Fløyfjelltunnelen (mot Bergen sentrum) blir stengt i heile perioden.

¤ Nordgåande løp (frå sentrum mot Åsane) er ope, med berre korte, mellombelse stansar natt til laurdag i samband med sprengingsarbeid.

¤ All trafikk frå nord (Åsane og Sandviken) mot Bergen sentrum eller søndre bydelar bør nytte fv. 587 Hardangervegen (Grimesvingane). Dette er hovudomkøyringsruta og den klart beste løysinga.

¤ Omkøyring via Sandviken og Bryggen er frårådd og vil føre til store køar og lang ventetid.

¤ Det vil bli sett inn trafikkvakter i sentrale kryss i Bergen sentrum og langs Grimesvingane for å styre trafikken.

– Det kjem til å bli kø. La bilen stå

Statens vegvesen oppmodar folk sterkt til å la bilen stå og bruke kollektivtransport ved reiser i og rundt Bergen sentrum denne helga. Biltrafikk vil føre til uføreseieleg framkome og lang ventetid.

Oppdatert trafikkinformasjon finst på175.noog i appen Vegvesen trafikk.

Arbeidet er nødvendig for å sikre ein trygg og sikker Fløyfjelltunnel også i framtida.

Se alle pressemeldinger fra Statens vegvesen