NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om endring av miljøkrav i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje; krava står uendra.

NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft - NVE

NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft

NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkravi vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.

– Dei aktuelle krava er ikkje enkeltståande krav, men heilt sentrale delar av ei heilskapleg løysing. Å lempe på dei no ville svekkje sjølve kjernen i miljøgevinstane revisjonane er meinte å gi, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.

Krava er nyleg fastsette etter grundige revisjonsprosessar

Begge reguleringane har vore gjennom grundige vilkårsrevisjonar med opne prosessar, fleire høyringar og brei medverknad frå ramma kommunar, fagstyresmakter, interesseorganisasjonar og Statkraft. Krava er fastsette i kongelege resolusjonar i 2021 og 2022, ut frå eit solid kunnskapsgrunnlag. NVE vurderer at sakene derfor allereie er grundig belyste.

Tiltaka er avgjerande for å oppnå ønskte miljøeffektar

I Folla-Vindølareguleringa gjeld søknaden kravet om å flytte inntaket i Follsjø for å betre vasstemperaturen nedstraums Trollheim kraftverk. Tiltaket er vurdert som avgjerande for å betre oppvekstforholda for lakseungar i Surna, som er eit nasjonalt laksevassdrag.

I Tokke-Vinjereguleringa gjeld søknaden kravet om bygging av fiskepassasje i Helveteshylen i Tokkeåi. Tiltaket er tett knytt til andre miljøkrav, mellom anna krav om minstevassføring og lokkeflaumar, og er vurdert som ein nødvendig føresetnad for at desse skal ha ynskja effekt og bidra til å sikre ein levedyktig storaurebestand.

– Vilkårsrevisjonar er heilskaplege gjennomgangar av heile reguleringssystemet. Dei avvegingane som blir gjorde der byggjer på omfattande faglege vurderingar av både omsyn til miljø og konsekvensane for kraftsystemet. NVE finn ikkje at det har komme fram ny kunnskap som gir grunnlag for å gjere om desse vurderingane så kort tid etter at vedtaka er gjorde, seier Carsten Jensen.

NVE understrekar at føreseielegheit er viktig for alle partar i regulerte vassdrag, og at nyleg fastsette vilkår og krav etter vilkårsrevisjon derfor ikkje bør endrast utan tungtvegande grunnar.

Avslaga inneber at dei reviderte miljøkrava i begge reguleringane blir ståande uendra.

Håkon Berg Sundet, fagleiarhbsu@nve.notlf. 905 30 984

NVE innfører nye miljøtiltak i Søavassdraget

NVE vedtar nye konsesjonsvilkår for Åmelavassdraget

NVE har fastsatt utredningskrav for ny kraftledning mellom Isfjorden og Fannefjorden

NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljø

i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla

Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.