NVE kraftsituasjonen i Norge veke 18, 2026; kontinentale prisar -500 euro i NL/DE

Kraftsituasjonen veke 18, 2026 - NVE

Balansert kraftutveksling mellom Noreg og utlandet

I Nord-Europa var det berre Storbritannia som hadde høgare vekeprisar enn sørlege Noreg i veke 18. Redusert kraftforbruk og tilnærma uendra kraftproduksjon bidrog til at Norge hadde omtrent like mykje import som eksport for veka samla. Fredag 1. mai nådde kraftprisen i Nederland og Tyskland prisgolvet i marknaden, på -500 euro

Nøkkeltalfor vekaKraftprisar (gjennomsnitt for veka):

kWh (uendra frå veke 17)

Kraftprisane i sørlege Noreg blant dei høgaste i Nord-EuropaMed unntak av i Storbritannia, var vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) dei høgaste i Nord-Europa i veke 18. Sjølv om prisane i sørlege Noreg låg høgare enn prisane på kontinentet, varierte dei mindre gjennom døgnet. Medan kraftprisane gjekk noko ned i Midt-Noreg (NO3), gjekk dei opp i Nord-Noreg (NO4) frå veka før. Trass prisoppgangen, var vekeprisen i Nord-Noreg framleis blant dei lågaste i Nord-Europa.

Balansert kraftutveksling mellom Noreg og utlandetSom følgje av mildare vêr gjekk kraftforbruket i Noreg ned i veke 18, medan kraftproduksjonen var tilnærma uendra. Dette bidrog til å redusere nettoimporten frå veke 17, og det var om lag balansert kraftutveksling mellom Noreg og utlandet for veka samla. Sjølv om samla norsk kraftproduksjon endra seg lite frå veka før, gjekk den ned i Sørvest- og Midt-Noreg (NO2 og NO3), mellom anna som følgje av lågare vindkraftproduksjon. Dette vart motverka av ein auke både i Nord- og Vest-Noreg (NO4 og NO5). I Nord-Noreg var det høgare produksjon både frå vasskraft og vindkraft enn veka før.

Svært negative kraftprisar på kontinentet 1. maiFredag 1. mai var kraftprisane fleire stader på kontinentet negative store delar av dagen. På sitt lågaste nådde kraftprisen i Nederland og Tyskland prisgolvet i marknaden på -500 euro

MWh. Dei svært låga prisane skyldast mellom anna lågare kraftforbruk enn dagane før på grunn av at det var fridag. Vidare var det også høg ikkje-regulerbar kraftproduksjon, særleg frå solkraft. Dei norske kraftprisane var ikkje like låge som dei kontinentale prisane i denne perioden, slik som dei heller ikkje var i periodar med låge priser på kontinentet resten av veka.

MerknadDet manglar data for kraftforbruk i Danmark i fleire timar mellom onsdag og søndag i veke 18. Desse tala er erstatta med prognosetal. Det inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikten over dansk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6, tabell 7 og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18 2026

VassmagasinstatistikkLes meir om vassmagasinstatistikk her.

Se også kvartalsrapport for kraftmarkedet

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kraftprisane i sørlege Noreg blant dei høgaste i Nord-Europa

Svært negative kraftprisar på kontinentet 1. mai