NVE publiserer veke 19 kraftsituasjonen i Noreg; Nettoeksport av kraft etter to vekers nettoimport
Kraftsituasjonen veke 19, 2026 - NVE
Lågare vindkraftproduksjon gav høgare kraftprisar
Mindre vindkraftproduksjon i store delar av Nord-Europa medverka til at kraftprisane auka i heile Noreg sist veke. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) heldt prisane seg på nivå med kontinentet, medan dei var lågare i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Noreg hadde i sum nettoeksport av kraft etter å ha vore nettoimportør i dei to vekene før.
Nøkkeltal for vekaKraftprisar (gjennomsnitt for veka):
Kraftprisane auka i heile NoregI veke 19 auka kraftprisane i heile Noreg og store delar av Nord-Europa. Fordi vindkraftproduksjonen gjekk ned både i Norden og på kontinentet, auka produksjonen frå termiske kraftverk med høgare produksjonskostnadar. Desse teknologiane sette dermed prisnivået ein større del av tida, og bidrog slik til prisauken.
Frå 6. til 8. mai var det ein periode på 40 timar med tilnærma like prisar i alle dei nordiske prisområda og Tyskland. I denne perioden var det svært låg vindkraftproduksjon i heile Norden. Med eit lågare kraftoverskot i nord, vart det ikkje flaskehalsar sørover, og dermed heller ikkje prisskilnadar mellom områda.
Kraftutvekslinga snudde til nettoeksportAuka produksjon frå vasskraftverk med magasin førte til at samla norsk kraftproduksjon for veka auka. Totalt auka produksjonen meir enn forbruket, og endringa var stor nok til at Noreg førre veke hadde nettoeksport av kraft etter å ha hatt nettoimport i dei to føregåande vekene.Lite nedbør og kjøleg vêr gav lågare tilsig enn normalt for årstida. Saman med auken i produksjon frå vasskraftverk med magasin bidrog dette til at magasinfyllinga i Noreg gjekk noko ned sist veke. Kjøleg vêr bidrar òg til å utsetje snøsmeltinga.
MerknadDet manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 19. Desse tala er erstatta med prognosetal. Det inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikta over dansk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6, tabell 7 og figur 12).
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 2026
VassmagasinstatistikkLes meir om vassmagasinstatistikk her.
Se også kvartalsrapport for kraftmarkedet
Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API
Kraftprisane auka i heile Noreg