Kronprins Haakon overrekker Abelprisen til Gerd Faltings i Oslo
Abelprisutdeling og regjeringsbankett for prisvinnaren - regjeringen.no
Abelprisutdeling og regjeringsbankett for prisvinnaren
H.K.H Kronprins Haakon overrekker Abelprisen til den tyske matematikaren Gerd Faltings.
Tysdag 26. mai, klokka 14.00. Gjestane må vere på plass kl. 13.30. Påmelding påThe Abel Prize 2026.
Tysdag 26. mai klokka 19.00. Det blir høve til foto av prisvinnaren ca. kl. 18.50 ved inngangen. Det blir høve til fotografering av gjestane når dei kjem (kl. 18.10–18.40). Det blir òg høve til å filme
fotografere talen til statsråd Sigrun Aasland ca. kl. 19.40.
NTB-fotograf Alf Simensen arbeider på oppdrag frå Abelprisen. Utvalde bilete frå Abelprisuka blirlagt inn heretter kvart som dei er klare.
Gjestane på banketten er frå regjeringa, Stortinget, Abelpris-komiteen og styre, Det Norske Videnskaps-Akademi, det norske og internasjonale matematikkmiljøet, ambassadar, norske utdannings- og forskingsinstitusjonar, norsk samfunnsliv og media. Vinnarane av Abelkonkurransen i vidaregåande skole, UngeAbel på ungdomstrinnet og vinnar av Holmboeprisen deltek.
Påmelding for pressa til prisutdeling
Marina Tofting, Det Norske Videnskaps-Akademi, leiar for samfunnskontakt og kommunikasjon,tofting@dnva.no
Unni Irmelin Kvam, Det Norske Videnskaps-Akademi,u.i.kvam@dnva.no
Påmelding for pressa til Abelprisbanketten
Anneline Svensen, kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet,anneline.svensen@kd.dep.no
Abelprisen er ein internasjonal matematikkpris oppretta for å heidre det norske matematiske geniet Niels Henrik Abel (1802–1829). Prisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi på vegner av Kunnskapsdepartementet.
Abelprisen er rekna som verdas høgast rangerte vitskaplege pris i matematikk. (Juntao Zheng
Abelprisveka heidrar matematikk som vitskap med ei rekke ulike arrangement i Oslo, Kristiansand og Froland.
Her kan du sjå program for Abelprisveka
Abelprisen til Gerd FaltingsNyheit | 19.03.2026