Norsk industriproduksjon økte 0,7 prosent i 2. kvartal 2026 i Noreg; ledende bidrag frå oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri
Auke i industriproduksjon i 2. kvartal – SSB
Auke i industriproduksjon i 2. kvartal
Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 0,7 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Frå mai til juni 2026 var det ein nedgang i produksjonen på 1,1 prosent.
Publisert : 7. august 2026
Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2026 var på 107,4 (2021=100) mot 106,7 i føregåande kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har vist ein aukande utvikling frå starten av 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1)
Tremånadarsendring: bred auke i industrien
Sesongjusterte tal For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. Lukk tala viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 0,7 prosent i 2. kvartal 2026, samanlikna med førre tremånadsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen, med ein tydeleg auke på 3,4 prosent. Metallindustri bidrog òg til den samla oppgangen, med ein auke på heile 4,6 prosent.
Auken i industrien i 2.kvartal blei dempa av lågare aktivitet innanfor dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og møbelindustri og annen industri med ein nedgang på høvesvis 0,3 og 1,8 prosent.
Samla sett hadde petroleumsretta leverandørindustri Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. Lukk ein liten produksjonsauke på 0,1 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 0,8 prosent (sjå figur 2).
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal og trend¹. 2021=100 Vis som figur Vis som tabell ¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene. Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå
Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100 Vis som figur Vis som tabell ¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2. Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå
Månadsendring: fall i industriproduksjon i juni
Sesongjusterte tal viser at aktiviteten i industrien hadde ein nedgang på 1,1 prosent frå mai til juni 2026, men det var stor skilnad på næringane. Det var maskinreparasjon og -installasjon som bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 6,9 prosent. Også metallvareindustri og maskinindustri såg ein nedgang i denne perioden på høvesvis 3,4 og 3,3 prosent.
På den motsette sida var det ein auke i bygging av skip og oljeplattformer, samt næringsmiddelindustri og bidrog såleis til å dempe det samla fallet i industriproduksjonen i juni.
Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i mai
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu) , statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i eurosona Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. Lukk hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå april til mai 2026. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,8 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein auke på 1,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 3,8 prosent.
Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal Vis som figur Vis som tabell Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå og Eurostat
Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein vekst på 1,6 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 3,6 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 3,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no) .
Utvinningstenester på si side auke med 0,5 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde eit fall på 0,9 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 0,2 prosent (sjå figur 4).
Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100 Vis som figur Vis som tabell ¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2. Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå
Artikkelen er ein del av serien
september 2019 Norsk industri 2018 og andre norske sekundærnæringer Pilene peker oppover for norsk industri ifølge flere viktige nøkkeltall for 2018.
desember 2019 Hva er sesongjustering? Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
desember 2019 Hva er en indeks? Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.
Artiklar om produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Sesongjusterte tal For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. Lukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. Lukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.
petroleumsretta leverandørindustri Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. Lukk
Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. Lukk
Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien.
Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå
eurosona Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. Lukk
Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. Lukk
Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta.
Kjelde : Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, Statistisk sentralbyrå og Eurostat
Pilene peker oppover for norsk industri ifølge flere viktige nøkkeltall for 2018.
Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.
Statistikken måler verdiskapinga i olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning
Kartlegger omsetningen innen olje og gass, bergverksdrift, industri og kraftforsyning.
Statistikken gir nivå- og endringstall for investeringer i olje og gass, bergverksdrift, industri og kraftforsyning.
Elektrisitetsstatistikken omfatter produksjon, kraftutveksling og strømforbruk.