---
title: "Havindustritilsynet granskar Equinor sin integritet og oppfølging av røyrleidningar Mongstad; Equinor må svare innan 3. september 2026"
sdDatePublished: "2026-08-13T08:10:00Z"
source: "https://www.havtil.no/tilsyn/tilsynsrapporter/2026/equinor-mongstad-integritet-og-oppfolging-av-royrleidningar/"
topics:
  - name: "energy industry"
    identifier: "medtop:20000261"
  - name: "oil and gas - upstream activities"
    identifier: "medtop:20000267"
locations:
  - "Norway"
---


Havindustritilsynet granskar Equinor sin integritet og oppfølging av røyrleidningar Mongstad; Equinor må svare innan 3. september 2026

Equinor – Mongstad – integritet og oppfølging av røyrleidningar

Equinor – Mongstad – integritet og oppfølging av røyrleidningar

Havindustritilsynet (Havtil) har ført tilsyn med Equinor sin integritet og oppfølging av røyrleidningar på Mongstad.

Tilsynet blei gjennomført frå 26. til 29. mai 2026. Mål Målet med tilsynet var å følge opp korleis selskapet etterlever regelverkskrav til elektriske anlegg og ved arbeid i, og drift av, elektriske anlegg. Resultat Vi identifiserte ingen avvik under tilsynet. Vi identifiserte eitt forbetringspunkt som gjaldt vedlikehald. Kva skjer vidare? Vi har bede Equinor innan 3. september 2026 gi oss si vurdering av forbetringspunktet som vart observert.

Tilsynet blei gjennomført frå 26. til 29. mai 2026.

Målet med tilsynet var å følge opp korleis selskapet etterlever regelverkskrav til elektriske anlegg og ved arbeid i, og drift av, elektriske anlegg.

Vi identifiserte ingen avvik under tilsynet.

Vi identifiserte eitt forbetringspunkt som gjaldt vedlikehald.

Vi har bede Equinor innan 3. september 2026 gi oss si vurdering av forbetringspunktet som vart observert.

Det ser ut til å vere manglar ved oppfølging av utstyr og svekkingar

I tilsynet gjorde vi verifikasjonar av oljerøyra som kjem inn til Mongstad. Vi observerte at røyrdelene mellom ankerblokk og piggesluse for Troll oljerøyr 1 (TOR1), Troll oljerøyr 2 (TOR2), Mongstad gassrøyr (MGR) og Vestprosess var overflatebehandla den seinare tida (2023). Overflatebehandlinga var avslutta med ei form for mekanisk beskyttelse på utsida (Stopaq). Det gjekk ikkje klart fram frå dokumentasjonsgrunnlag om utføringa med Stopaq var i samsvar med vedlikehaldsprogram og dokumentasjon.

Vi observerte og i vedlikehaldssystemet at dei aktuelle røyra låg inne med eit førebyggande vedlikehaldskonsept med 20 års intervall (240 månader). Det var sist utført i 2023. Vi vart informert om at det var eit etterslep med å oppdatere programmet med innhald og frekvens for ny oppfølging.

Ved gjennomgang av dokumentasjon og gjennom presentasjonar vart vi informert om funn frå inspeksjonar av piggesluse til TOR1. Frå inspeksjon i 2015 vart det observert lokale korrosjonsangrep med tap av røyrvegg (under deposit corrosion). Dette var utbetra med å legge på eit metallag (kjemisk cladding). Ved seinare inspeksjonar er det observert at reparasjonen er degradert. Oppfølginga har vore å gjere hyppigare inspeksjonar. Reparasjonen frå 2015, som seinare er teke att, framstår ikkje som ei permanent utbetring av korrosjonsskaden.

For TOR1 observerer vi og at det er utstyr som ikkje fungerer som tiltenkt eller som av ulike årsaker ikkje blir nytta. Dette gjeld blant anna strømningsmålar, vekttapskupongar og korrosjonsmålarar (ER-prober). Utstyret er framleis ein del av røyrinfrastrukturen.

Teknisk og operasjonell forskrift § 58 - Vedlikehold (sist endret: 01.01.2017)

Teknisk og operasjonell forskrift § 58 - Vedlikehold

Tilsynsrapport Equinor - Mongstad - integritet oppfølging røyrleidningar (PDF)

Hva er tilsyn? Publisert: 17. januar 2010