Nær 37 000 vestlendingar mottek uføretrygd i Vestland; 8,9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder.

Du blir logget ut automatisk om ca.$1minutter

Nær 37 000 vestlendingar mottek uføretrygd, viser tal frå Nav.

Uføretrygd skal sikre inntekt til dei som ikkje kan jobbe på grunn av ein varig sjukdom eller skade. Ved utgangen av 2. kvartal var 36 982 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd.

Det er 8,9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, om lag det same som i fjor.

– Det positive i Vestland er at fylket er blant dei som har lågast del uføre. Vestland har ikkje same utvikling som på landsbasis, der det er ein liten auke i delen uføretrygda. Samstundes ser vi at talet på unge uføremottakarar i alderen 18-29 år har gått noko ned, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

– I Vestland har vi jobba målretta mot unge, og har mange satsingar som forhåpentleg har bidrege til ta denne gruppa blir ivareteken tidleg, slik at dei ikkje hamnar permanent utanfor arbeidslivet, legg Hysing-Olsen til.

Vestland er eitt av fire fylke i landet der delen uføre er under 10 prosent. Landsgjennomsnittet ligg på 10,6 prosent uføre. Uføretala kan seest i samanheng med dei låge utanforskapstala i fylket, ettersom dei uføre utgjer ein del av denne gruppa.

Totalt står om lag 72 000 personar i Vestland utanfor arbeidslivet. Det svarer til 18,1 prosent av aldersgruppa og er ein nedgang på rundt 1 500 personer frå året før. Tala omfattar alle mellom 20 og 66 år som verken er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student eller pensjonist. Ein tredel av desse får ingen økonomiske ytingar frå Nav.

Med 8,9 prosent uføre ligg Vestland under landssnittet på 10,6 prosent. Samstundes har fleire kommunar i fylket høge uføretal. Høyanger ligg på 14 prosent, medan Sogndal og Aurland har lågast andel uføre med under sju prosent uføre.

Under relatert innhald finn du fleire tal frå om uføre i Vestland.

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgivar, 90 50 70 96

Får vi bruke valgfrie informasjon­skapsler?

Hvis du svarer ja, bruker vi informasjons­­kapsler og lignende teknologi til statistikk, analyse, spørreundersøkelser og bruker­tester. Målet er å forstå hvordan du og andre bruker nav.no, slik at vi kan forbedre nettsidene og tjenestene våre.

Du kan når som helst endre samtykket ditt via lenken i bunnmenyen.

Vi har også nødvendige informasjonskapsler, som ikke kan velges bort. Om informasjonskapslene våre.

Velg hvilke informasjons­kapsler Nav kan bruke.

Færre unge uføre i Vestland