Nasjonalt nettverk for radiologi etablerer seks tiltak i Noreg; reduserer overforbruk og ventetid.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar - Helse Midt-Norge RHF
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
– Vi må slutte å undersøkje pasientar når det ikkje gir nytte. Det er dårleg bruk av ressursar og kan i verste fall skade pasientane. Det kan resultere i auka strålebelastning, overdiagnostikk, unødig bekymring hos pasientane og lange ventelister for dei pasientane som verkeleg har behov for våre tenester, seier Aslak Aslaksen, fagleg leiar av det nyoppretta nasjonale nettverket for radiologi, og overlege og professor emeritus ved Haukeland universitetssjukehus og UiB.
Bruken av bildediagnostikk har auka dei siste åra. I tillegg er det store geografiske forskjellar i kor ofte undersøkingane blir brukt. Medisinske behov forklarar ikkje variasjonen i landet, i følgje Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sitt helseatlas .
Gå til nettsida til det nasjonale nettverket .
Skal kutte overforbruket og redusere variasjonen
– Vi uroar pasientane unødvendig, og utnyttar ikkje dei knappe ressursane vi har i helsetenesta rett. Det er viktig å kutte overforbruket og redusere variasjonen, slik at vi får gode og likeverdige helsetenester, fortset Aslaksen.
For å snu utviklinga, er det utarbeida seks tiltak. Det viktigaste grepet er ei etablering av eit nasjonalt radiologinettverk med fagfolk frå heile landet.
I gang med dei første nasjonale tilvisingsråda
Nettverket er et samarbeid mellom dei regionale helseføretaka, og skal bidra til betre styringsdata, oppdaterte retningslinjer og tettare samarbeid mellom tilvisande legar og radiologiske miljø.
– Vi har brukt våren på å etablere oss og komme ordentleg i gang. Vi skal blant anna lage felles nasjonale råd for tilvisingar, slik at legar enklare kan vurdere kva undersøkingar som faktisk er nødvendige. Vi har allereie utarbeida dei første nasjonale tilvisingsråda innan muskel-skjelettradiologi, seier Mia Louise Mowinckel-Nilsen, administrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi.
Det nasjonale nettverket skal jobbe vidare med desse seks tiltaka:
Nettverk for radiologi i Noreg
T ilgjengelegheit av undersøkingar på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
Utarbeide og oppdatere eller revidere faglege retningslinjer
Forbetring av tilvisingar til radiologi i primærhelsetenesta og sjukehusa
Betre kommunikasjon mellom radiologiske avdelingar og tilvis er
Kven er med i Nasjonalt nettverk for radiologi?
Aslak Aslaksen, fagleg leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi, og overlege og professor emeritus ved Haukeland universitetssjukehus og UiB
Mia Louise Mowinckel-Nilsen, a dministrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi
Evabeth Roseth Bruvoll, avdelingsradiograf Haugesund sjukehus, fasilitator regionalt radiologisk nettverk Helse Vest
Morten Troøyen, radiolog og klinikksjef, St. Olavs hospital
Florentina Gorqaj, fagsjef for bildediagnostikk, Helse Sør-Øst RHF
Rut Heidi Haande, radiolog og fagrådsleder bildediagnostikk, Sykehuset Innlandet
koordinator radiologi, Helse Nord RHF
Siw Gøril Skår, seniorrådgiver, Helse Nord RHF
Tove Johansen, analytiker, Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE)
Eva Godske Friberg, fagdirektør medisinsk strålebruk, Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)
Nettverket skal delta på to sesjonar under Arendalsuka 2026:
For mye CT og MR – hva gjør vi?
Dette er ein debatt som nettverket sjølv er med på å arrangere. Sjå den tysdag 11. august klokka 15. Lenkje til strøyming: https:
Innspilltil helseministeren - samtale om helsepolitikk
Dette er ein debatt der nettverksrepresentant frå Helse Midt-Norge RHF , Morten Troøyen, deltek i panelet. Sjå den tysdag 11. august klokka 13.
Gå til nettsida til det nasjonale radiologiske nettverket.
Nyheitssak frå 2025 om utfordringa: Grep mot overforbruk av radiologiske tenester - Helse Vest RHF
Rapport frå dei fire regionale helseregionane , som blei levert til Helse- og omsorgsdepartementet i 2025.
ilgjengelegheit av undersøkingar på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
mellom radiologiske avdelingar og tilvis
dministrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi
Nyheitssak frå 2025 om utfordringa:
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester - Helse Vest RHF
Rapport frå dei fire regionale
, som blei levert til Helse- og omsorgsdepartementet i 2025.
Telefon 74 83 99 00
Faks 74 83 99 01