Statens vegvesen stenger rv. 13 ved Kvinnefossen i Sogndal; natt til 18. og 19. august 23:00–05:30

Nattarbeid og stenging på rv. 13 ved Kvinna | Statens vegvesen

Nattarbeid og stenging på rv. 13 ved Kvinna

Statens vegvesen må stengja rv. 13 ved Kvinnefossen i Sogndal, ikkje langt frå Hella ferjekai, natt til 18. og 19. august.

– Det var steinnedfall i området laurdag 1. august. Vi skal no klargjera området for etablering av nytt betongrekkverk etter dette, seier byggjeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen.

I samband med arbeidet vil rv. 13 vil vera stengd på staden natt til tysdag 18. august og natt til onsdag 19. august, frå kl. 23.00- 05.30 begge nettene.

– Vegen er smal på staden, og arbeidet er vanskeleg å gjennomføra på ein trygg måte utan stenging. For å redusera ulempene for trafikantane, er arbeidet er lagt til tidspunktet på døgnet då det er minst trafikk, presiserer Strandos.

Det vil også vere stenging på dagtid torsdag 20. august i samband med asfaltarbeid, samt laurdag 22. august når det nye rekkverket skal støypast.

Statens vegversen oppmodar trafikkantar til å halde seg oppdatert på 175.no eller via appen Vegvesen trafikk.

Se alle pressemeldinger fra Statens vegvesen