Noreg eksporterer tømmer til utlandet; rekordhøg eksport i 2025, nesten ingen import
Kvifor går stadig meir norsk tømmer til utlandet? – SSB
9 Publisert : 17. august 2026
Kvifor går stadig meir norsk tømmer til utlandet?
Treforedlingsindustrien var lenge Noregs viktigaste eksportnæring. Trass i dei store skogareala våre var vi lenge nettoimportør av tømmer. I 2025 er biletet snudd opp-ned, med rekordhøg eksport og nesten ingen import. Kva skjedde?
Publisert : 17. august 2026
Noreg hadde lenge ein stor industri som laga cellulose, papir og andre produkt av tømmeret. Over tid har faktorar som tømmerprisar, kronekurs, renter, bustadbygging, bank- og finanskriser, barkebilleangrep i andre land, krig, pandemi, teknologisk utvikling, internasjonal konkurranse og internettet sitt inntog verka inn på handelen med tømmer. I dei to siste tiåra er biletet at Noreg har gått frå å vere importør av tømmer til å eksportere store mengder.
Figur 1. Import og eksport av tømmer. Kubikkmeter Vis som figur Vis som tabell Kjelde : Utanrikshandel med varer, Statistisk sentralbyrå
Ei årsak til denne endringa er at fleire store treforedlingsfabrikkar vart lagde ned i perioden 2006-2013. Det førde til at forbruket av tømmer i treindustrien og treforedlingsindustrien i Noreg gjekk ned til 6,5 millionar kubikkmeter i 2015, frå over 10 millionar kubikkmeter ti år før. Sidan det har forbruket stort sett lege mellom 7 og 8 millionar kubikkmeter i året.
Samstundes har skogeigarane aldri hogd meir tømmer for sal enn i 2025. Då var hogsten på 12,8 millionar kubikkmeter. Stor internasjonal etterspørsel og stadig høgare prisar for tømmer har ført til at hogsten har auka mykje det siste tiåret. Gjennomsnittleg hogst av tømmer til industriføremål har vore 11 millionar kubikkmeter årleg i denne perioden. Samanlagd eksporterer vi no meir ubehandla tømmer og mindre foredla treprodukt.
Skogindustrien Skogindustrien kan delast inn i kategoriane treindustri og treforedlingsindustri. Treindustrien består av sagbruk og anna industri som nyttar tømmerstokken slik den er. Typiske produkt er plankar, bord og anna trelast. Treforedlingsindustrien foredlar treet vidare til nye materiale ved å bryte det ned til fiber og kjemiske komponentar. Typiske produkt frå treforedlingsindustrien er papir, papp og cellulose.
Skogindustrien kan delast inn i kategoriane treindustri og treforedlingsindustri. Treindustrien består av sagbruk og anna industri som nyttar tømmerstokken slik den er. Typiske produkt er plankar, bord og anna trelast. Treforedlingsindustrien foredlar treet vidare til nye materiale ved å bryte det ned til fiber og kjemiske komponentar. Typiske produkt frå treforedlingsindustrien er papir, papp og cellulose.
Figur 2. Hogstkvantum og innanlandsk forbruk av tømmer. Kubikkmeter Vis som figur Vis som tabell Kjelde : Utanrikshandel med varer, Statistisk sentralbyrå Kjelde : Skogavverking, Statistisk sentralbyrå
Treforedlingsindustrien var landets viktigaste eksportnæring, men møtte motvindar frå 70-talet
Noreg var tidleg ute med cellulose- og papirproduksjon, og mange fabrikkar blei etablerte rundt 1900. Frå slutten av 1800-talet og til etter andre verdskrig var treforedlingsindustrien den viktigaste eksportnæringa vår. Gjennom 1970- og 1980-åra forsvann mange av desse fabrikkane. Den teknologiske utviklinga hadde gjort mange av dei norske fabrikkane gammaldagse. Konkurransen frå andre land hadde òg blitt mykje hardare. Tømmerimporten, som hadde auka gjennom heile 1960-talet, gjekk derfor tilbake utover på 1970-talet. Trass i trendane greidde skogeigarane å etablere ein ny og moderne papirfabrikk i slutten av 1960-åra: Nordenfjelske på Skogn i Trøndelag. Nordenfjelske skifta seinare namn til Norske Skog. Selskapet spelte ei viktig rolle i opp- og nedturar dei kommande tiåra.
I andre halvdel av 1980-åra var aktiviteten i byggebransjen god, og etterspørsel og prisar på trelast og tømmer steig. Også tømmerimporten auka i desse åra. Treforedlingsindustrien hadde auka kapasiteten etter moderniseringar og utvidingar. Men i byrjinga av 1990-åra ramma bankkrisa som råka norske finansinstitusjonar i slutten av 1980-åra, også skogbruket. Etterspørselen etter tømmer og trelast vart mindre, prisane sank og det blei hogd mindre.
Norske Skog satsa stort på papirfabrikkar for avis- og magasinpapir. I midten av 1990-åra byrja vi difor igjen å importere meir tømmer. Mot slutten av dette tiåret hadde Norske Skog blitt eit globalt selskap med fabrikkar i alle verdsdelar. I 2005 var Norske Skog verdas største produsent av avispapir. I åra etter tusenårsskiftet kom likevel problema for den norske treforedlingsindustrien. Internett gjorde at etterspørselen etter avispapir for første gong vart mindre.
Norsk treforedlingsindustri slit i det nye tusenåret
Fleire papir- og cellulosefabrikkar måtte no legge ned drifta. I 2006 gav Norske Skog Union i Skien opp. Det påverka først og fremst importen av tømmer, som gjekk ned, men også eksporten tok no til å auke. Den største auken i eksport av tømmer kom etter at Norske Skog Follum på Hønefoss og Peterson i Moss gjekk konkurs i 2012 og Sødra Cell Tofte avvikla drifta i 2013. På Tofte hadde dei årleg teke imot 2 millionar kubikkmeter tømmer i året.
Digitaliseringa var berre eitt av problema for treforedlingsindustrien. Global overkapasitet, høge kostnader og sterk krone gjorde det vanskeleg for eksportindustrien. I tillegg kom finanskrisa i 2008-2009, som òg reduserte etterspørselen.
I løpet av eit par-tre år frå og med 2013 auka den årlege eksporten av tømmer frå knapt 1 million kubikkmeter til over 3,5 millionar kubikkmeter. Desse åra eksporterte vi mest massevirke Tømmerkvalitet som blir nytta til produksjon av papir, papp og cellulose. Lukk , fordi vi ikkje lenger hadde nok industri som ville ha denne tømmerkvaliteten.
Ettersom forbruket av tømmer innanlands har vore nokså stabilt etter 2012, er det sterk samanheng mellom auken i hogstkvantumet og auken i eksportkvantumet i perioden etter 2012.
Eksporten av sagtømmer har auka mest dei seinare åra
Sagtømmereksporten har auka gradvis i takt med meir hogst. I 2025 eksporterte vi 5,4 millionar kubikkmeter tømmer. Litt over halvparten var sagtømmer Tømmerkvalitet som blir nytta til plankar, bord og anna trelast. Lukk . Det er dei gode prisane skogeigarane får for tømmeret, som er hovudgrunnen til den sterke veksten i hogsten vi har hatt dei seinare åra. Tømmerprisane er sterkt påverka av internasjonal etterspurnad. Det er fleire grunnar til at pris og etterspurnad etter tømmer har auka dei siste åra:
Krigen i Ukraina og boikott av russisk tømmer
Store barkebilleangrep i Europa og Nord-Amerika
Auka priser og etterspørsel etter trelast under koronapandemien
Figur 3. Eksport av massevirke og sagtømmer. Kubikkmeter Vis som figur Vis som tabell Kjelde : Utanrikshandel med varer, Statistisk sentralbyrå
Den nokså markante nedgangen i bygginga av nye bustadar dei siste åra bidreg òg til at meir sagtømmer og trelast blir eksportert. Det er fleire årsaker til denne nedgangen, men auka renter og høge prisar på trelast og andre byggevarer har gjort det lite lønsamt å bygge nytt i mange område av landet.
Figur 4. Prisutvikling for tømmer. Kroner per kubikkmeter Vis som figur Vis som tabell Kjelde : Skogavverking, Statistisk sentralbyrå
Kven kjøper det norske tømmeret?
I 2025 gjekk 83 prosent av tømmereksporten til Sverige. Ellers er Tyskland og Latvia landa som importerer mest tømmer frå oss. Tyskland kjøpte 10 prosent og Latvia 3 prosent av tømmeret vi eksporterte i 2025. Begge desse landa kjøpte stort sett sagtømmer. Det aller meste av massevirket vi eksporterer, går til Sverige. I alt eksporterte vi tømmer til 20 land i 2025, men dei fleste importerte små kvanta.
Kjelder Bryhn, R (2026, 21. mai). Norske Skog . Store norske leksikon . https:
Norske_Skog Bækkelund, B. (2006, 21. mai). Nordenfjelske Treforedling. Store norske leksikon. https:
Nordenfjelske_Treforedling De Rosa, M. (2017, 3. september) Svinn på skogen . Dagsavisen . https:
6143087 Finci, A. og Smedshaug, C.A. (2025). Økt norsk industri og treforedling – behov for sterkere virkemidler og økt koordinering . (Rapport 5 Skograpport). Agri Analyse. https:
okt-norsk-industri-og-treforedling-behov-for-sterkere-virkemidler-og-okt-koordinering-article1686-856.html NOU 1996:23. (1996). Konkurranse, kompetanse og miljø. Næringspolitiske hovedstrategier. https:
Røstad; R. (2024, 4.oktober ). Global etterspørsel gir svært høye tømmerpriser . Glommen Mjøsen Skog. https:
Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 03795: Avvirkning for salg, etter treslag (m3) [Statistikk]. https:
03795 Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 04454: Avvirkning for salg (1000m3) [Statistikk]. https:
04454 Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 12750: Gjennomsnittspris, etter sortiment. [Statistikk ]. https:
12750 Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 08801: Utenrikshandel med varer, etter land, år og import
08801 Torsvik, R.M. (1999). Bankkrisen, Statistikk mot år 2000: 1990-1991. https:
Bryhn, R (2026, 21. mai). Norske Skog . Store norske leksikon . https:
Bækkelund, B. (2006, 21. mai). Nordenfjelske Treforedling. Store norske leksikon. https:
De Rosa, M. (2017, 3. september) Svinn på skogen . Dagsavisen . https:
Finci, A. og Smedshaug, C.A. (2025). Økt norsk industri og treforedling – behov for sterkere virkemidler og økt koordinering . (Rapport 5 Skograpport). Agri Analyse. https:
NOU 1996:23. (1996). Konkurranse, kompetanse og miljø. Næringspolitiske hovedstrategier. https:
Røstad; R. (2024, 4.oktober ). Global etterspørsel gir svært høye tømmerpriser . Glommen Mjøsen Skog. https:
Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 03795: Avvirkning for salg, etter treslag (m3) [Statistikk]. https:
Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 04454: Avvirkning for salg (1000m3) [Statistikk]. https:
Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 12750: Gjennomsnittspris, etter sortiment. [Statistikk ]. https:
Statistisk sentralbyrå. (2026). Tabell 08801: Utenrikshandel med varer, etter land, år og import
Torsvik, R.M. (1999). Bankkrisen, Statistikk mot år 2000: 1990-1991. https:
Artikkelen er ein del av serien
mai 2026 Rekordhogst og høye priser Aldri har det blitt hogd så mye tømmer som i 2025. Endelige tall viser at det ble hogd 12,8 millioner kubikkmeter industrivirke for salg. Skogeierne fikk i gjennomsnitt 847 kroner per kubikkmeter.
mars 2025 Samlet hogstkvantum nærmer seg nettotilveksten Gjennomsnittlig årlig hogstkvantum på produktiv skogbruksmark målt i skogskubikk var på 14,3 millioner kubikkmeter i perioden 2019-2023. Samtidig var den årlige nettotilveksten på produktiv skogsmark 17,8 millioner kubikkmeter.
august 2026 Rekordhogst tross fallende priser Selv om tømmerprisen har falt, ble det hogd mer tømmer i 2. kvartal 2026 enn i noe tidligere kvartal statistikken er publisert. I alt ble det hogd 3,62 millioner kubikkmeter industrivirke for salg. Gjennomsnittlig nominell tømmerpris var 20 prosent lavere i 2. kvartal 2026 sammenlignet med 2. kvartal i 2025.
Jord, skog, jakt og fiskeri
Kjelde : Utanrikshandel med varer, Statistisk sentralbyrå
massevirke Tømmerkvalitet som blir nytta til produksjon av papir, papp og cellulose. Lukk
Tømmerkvalitet som blir nytta til produksjon av papir, papp og cellulose. Lukk
Tømmerkvalitet som blir nytta til produksjon av papir, papp og cellulose.
sagtømmer Tømmerkvalitet som blir nytta til plankar, bord og anna trelast. Lukk
Tømmerkvalitet som blir nytta til plankar, bord og anna trelast. Lukk
Tømmerkvalitet som blir nytta til plankar, bord og anna trelast.
Artikler om skogavvirkning for salg
Aldri har det blitt hogd så mye tømmer som i 2025. Endelige tall viser at det ble hogd 12,8 millioner kubikkmeter industrivirke for salg. Skogeierne fikk i gjennomsnitt 847 kroner per kubikkmeter.
Gjennomsnittlig årlig hogstkvantum på produktiv skogbruksmark målt i skogskubikk var på 14,3 millioner kubikkmeter i perioden 2019-2023. Samtidig var den årlige nettotilveksten på produktiv skogsmark 17