Senterkvinnene i Senterpartiet starta formell samarbeidsavtale med Fagforbundet i Arendal; Fokus på å stoppe konkurranseutsetting av helsetenester.

Reisebrev frå Arendalsuka 2026 - Senterpartiet

Publisert 18. august 2026 Reisebrev frå Arendalsuka 2026 Skrevet av: Kine Mosheim-Lysheim

Arendalsuka er alltid ein viktig møteplass for politikkutvikling, nettverksbygging og gode samtalar på tvers av organisasjonar og parti. Eg reiser heim med nye impulsar, styrkte relasjonar og fleire spennande initiativ som kan kome til nytte for Senterkvinnene i tida framover.

Eit av høgdepunkta denne veka var to møte med Fagforbundet. Det var forbundsleiaren sjølv som tok initiativ til å møte leiaren av Senterkvinnene, noko eg opplever som både gledeleg og viktig. Møta var gode, opne og motiverande, og synte at vi har eit sterkt felles verdigrunnlag i mange spørsmål.

Vi har no starta arbeidet med å sjå på ein formell samarbeidsavtale mellom organisasjonane. Målet er å finne ei form som er tydeleg nok til å vere forpliktande, men samstundes fleksibel nok til å gi rom for sjølvstendige vurderingar. Vi ser føre oss faste digitale møte tre til fire gonger i året, kombinert med tett kontakt ved behov på alle nivå i organisasjonane. Ein slik avtale kan også bidra til å forankre samarbeidet både i fylka og ute i kommunane.

I samtalane diskuterte vi òg korleis vi kan identifisere nokre sentrale saker der vi samarbeider særleg tett. Fagforbundet var tydelege på at dei framover vil ha eit ekstra trykk på arbeidet mot konkurranseutsetting av kommunale helsetenester. Dette er etter mi vurdering ei viktig kvinnesak, sidan det handlar både om arbeidsvilkår, kvalitet i tenestene og framtida til mange kvinneyrke i offentleg sektor.

Saman med Elisabeth deltok eg òg på arrangement i regi av Arbeidarpartiet si kvinneorganisasjon. Her fekk vi etablert kontakt og hadde gode samtalar om fleire tema der vi ser moglegheiter for felles innsats. Særleg diskuterte vi overgangsalder og kvinnehelse i arbeidslivet. Vi var einige om at dette framleis er eit område med for lite kunnskap og for lite merksemd i mange verksemder. Skal fleire kvinner kunne stå lengre i arbeid, treng vi meir openheit, betre tilrettelegging og auka kompetanse hos leiarar. Leiaropplæring blir avgjerande, men vi var også samde om at dette ikkje berre er ei sak for kvinner. Menn må òg på bana, både som leiarar, kollegaer og beslutningstakarar. Kvinnehelse er ikkje eit nisjetema, men eit arbeidslivs- og likestillingstema som angår oss alle.

Eg deltok også i ein sofadebatt saman med mellom andre barne- og familieministeren. Temaet var barn og unge sine moglegheiter til å påverke politiske avgjerder i ei tid der kommunane må bruke ein stadig større del av budsjetta på omsorgstenester. Debatten løfta fram viktige spørsmål om demokrati, medverknad og korleis vi sikrar at dei unge stemmene blir høyrde også når ressursane blir knappare.

I løpet av veka deltok eg på ei rekke arrangement om mellom anna matberedskap, poteta si rolle i beredskapen, NKOM sitt arbeid, EUs vassdirektiv, eigenberedskap og samfunnsrobustheit. Felles for mange av diskusjonane var eit aukande fokus på korleis vi byggjer trygge og motstandsdyktige lokalsamfunn i ei uroleg tid.

Eg deltok også på fleire arrangement om fødetilbod og helsetenester. Eit tema som gjekk att, var korleis profesjonskamp og oppgåvegliding mellom ulike yrkesgrupper har påverka tenestene. Diskusjonane synleggjorde kor viktig det er å ta vare på den samla kompetansen i helsevesenet, samtidig som ein finn gode løysingar på mangel på arbeidskraft og aukande behov for tenester. For oss i Senterkvinnene er dette tett knytt til kampen for trygge fødetilbod, nærleik til helsetenester og gode arbeidsvilkår for dei tilsette som kvar dag står i førstelinjetenesta.

Minst like viktig som dei formelle arrangementa er alle møta mellom arrangementa. Arendalsuka gir unike moglegheiter til å byggje relasjonar og utveksle erfaringar. Gjennom veka har eg hatt gode samtalar med representantar frå mellom anna Fagforbundet, Forsvaret, KLP og KS. Slikt nettverksarbeid er avgjerande for å byggje forståing, skape alliansar og setje viktige saker på dagsordenen.

Eg reiser heim frå Arendal med fornya motivasjon og tru på at Senterkvinnene har ei viktig rolle å spele i arbeidet for gode lokalsamfunn, sterke fellesskapsløysingar og betre vilkår for kvinner over heile landet. Arendalsuka har gitt både inspirasjon og konkrete moglegheiter som vi skal ta med oss vidare i arbeidet vårt.