Marte og familie tar imot gut som fosterbarn i Hå kommune Rogaland; Ble gradvis permanent fosterheim.
Eg kjende han frå før. Det gjorde det lettare å seie ja | Bufdir
– Eg kjende han frå før. Det gjorde det lettare å seie ja
Å bli fosterforeldre var ikkje noko familien hadde tenkt på førehand.
Men guten var ikkje ukjend for Marte, og ho hadde tidlegare sagt til barnevernet at dersom dei skulle ha behov for besøksheim til guten eller ei form for avlastning, måtte dei berre seie ifrå.
Ho såg for seg at guten kunne passe godt inn i heimen. I det stille hadde familien allereie bidrege for guten, slik naboar ofte gjer for kvarandre, utan at det eigentleg var noko dei snakka høgt om.
Ein helt vanleg tysdag kom telefonen med førespurnaden om å ta imot guten.
– Eg hadde jo lyst til å rope ja med ein gong, men eg måtte sjølvsagt spørje mannen min også, seier ho. Svaret frå mannen kom kjapt, utan nøling.
Same kveld rydda dei plass til ein ny i huset. Ungane i familien fekk beskjed om at det kom ein ny gut til familien, utan at nokon visste kor lenge han skulle bli.
– Sonen min og nokre kompisar spelte fotball då han kom saman med kontaktpersonar frå barnevernet, og før bilen hadde rukke å køyre frå tunet, var han allereie ute på banen saman med dei, fortel Marte entusiastisk.
Dei fekk nesten ta resten seinare, hadde ho sagt til barnevernet, før ho sjølv sprang ut på banen.
At Marte og guten kjende kvarandre frå før, gjorde dei første dagane lettare.
– Han visste at eg visste kven han var. Han trong ikkje forklare noko, han trong ikkje skjule noko. Sånn var det berre, seier ho.
Ho hadde kjent guten og familien hans over tid gjennom jobben sin i nærmiljøet, og då spørsmålet om å bli fosterheim kom opp, opplevde ho det som ein fordel å allereie vite kven guten var.
Det som starta som eit akutt beredskapsopphald, fekk gradvis vekse til noko meir.
Den fyrste tida drog familien på påsketur til fjells med heile slekta. Dei hadde også heilt vanlege helger saman heime, utan at nokon pressa på for at han og familien skulle bli kjende med kvarandre raskare enn det som var naturleg.
I byrjinga var det Marte guten følte seg tryggast på. Det endra seg gradvis då han fekk meir kontakt med far i huset. Ein fisketur saman vart eit vendepunkt, og etter kvart var det like naturleg for guten å krype opp i sofaen ved sidan av faren som dei andre i huset.
– Det blei ein glidande overgang. Vi trong aldri stresse med å seie at no vart det permanent, det gjekk berre gradvis den vegen, fortel ho.
Beredskapsopphaldet starta om våren. Nokre månader seinare fekk guten vite at han skulle få bli, som ein fast del av familien.
Fekk behalda det trygge og kjende
Sjølv om guten flytta inn hjå ein familie i eit anna nabolag enn sitt eige, har han fått behalda mest mogleg av det han kjende frå før, som skulen, fotballaget og venane, så langt det har vore praktisk mogleg. Det trur Marte har gjort overgangen mykje lettare for han.
– Eg trur ikkje det hadde vore like lett om han måtte byrje heilt på nytt, ein stad der han ikkje kjende nokon. No fekk han landa heime hjå oss, samtidig som han kunne halda fram med det han allereie hadde, seier ho.
Han har fått nye vener i nabolaget, og samtidig behalda dei gamle relasjonane.
– Eg trur han har handtert det fint, nettopp fordi han fekk god tid til å landa her, utan at alt forandra seg på ein gong.
Struktur, tryggleik og eit ærleg råd
Når Marte blir spurd om kva eigenskapar ho tenkjer er viktigast for å vera fosterheim, trekkjer ho fram gode strukturar, rammer og tryggleik i botnen – og at barna alltid veit kvar dei har deg.
Til familiar som går og vurderer å bli fosterheim for eit barn dei kjenner frå sitt eige nærmiljø, har ho eit klart råd: Bruk den tida de treng på å bli trygge på avgjerda. Nettopp fordi det betyr så mykje at barnet får nokon som blir verande.
Samtidig meiner ho at terskelen for å seie ja kan bli langt lågare når det er nokon ein allereie kjenner.
Ho understrekar at ho helst vil gi eit realistisk bilete av det å vere fosterheim – ikkje berre ei solskinshistorie.
– Alt har ikkje vore problemfritt. Det er viktig for meg å vere ærleg om at det også kan vere krevjande, seier ho.
I dag, nesten tre år etter at guten flytta inn, er ho ikkje i tvil om at det var riktig å seie ja. Sjølv forklarar ho det enkelt:
– Me hadde kapasitet. Me hadde husrom. Og me hadde eit ønske om det. Det er eigentleg det som skal til, seier ho avslutningsvis.
Tekst og foto: Cecilie Geitung Larsen
Kan du opna hjartet og heimen din?
Meld deg på digitalt infomøte 15. sep kl. 20
Kontakt fosterheimstenesta i Rogaland og Vestland
Les om å vere fosterheim i Hå kommune