Bjørgvin bispedømeråd inviterer sokneråd til møte i Vassenden i Jølster og Bergen.
Bjørgvinsamtalen - møteplass for alle sokneråd
Bjørgvinsamtalen - møteplass for alle sokneråd
Bjørgvin bispedømeråd vil gjerne møta medlemer av sokneråda i haust. Sokneråda er inviterte til å senda inntil tre medlemer til møte i kyrkja på Vassenden i Jølster den 26. september og i Bergen domkirke og Grand Hotel Terminus 27. september. Her får dei som kjem, møta andre sokneråd, heile bispedømerådet og biskopen til felles inspirasjon, erfaringsdeling og samarbeid.
Bjørgvinsamtalen vart gjennomført også i 2025, med god respons. Deltakarane reiste heim med betre kjennskap til korleis andre sokneråd arbeider og glede av å få møtast i ein slik fellesskap.
Samlinga på Vassenden 26. september startar med gudsteneste med biskopen klokka 11. og lunsj klokka 12.30. Samtalar og drøftingar skjer frå 13.15 – 16.15. I Bergen 27. september startar vi med gudsteneste i Domkyrkja klokka 11. Lunsj på Hotel Terminus klokka 12.30. Samtalar og drøftingar skjer frå 13.15 – 16.15.
Det blir tatt opp ein del tema og høve til å drøfta dette: • På kva område kan sokneråda sjå nytten av å samarbeide? • Kva vil sokneråda melde at bispedømerådet må prioritere og gje merksemd?
Sjå lenker nedanfor til dei to arrangementa og påmelding.
Påmelding helst innan 8. september for samlinga i Bergen (pga. avtale med hotel) og 14. september for samlinga på Vassenden i Jølster.
Bispedømerådet dekker deltaking og lunsj. I første omgang blir det opna for tre frå kvart sokneråd. Medlemer i fellesråd er del av eit sokneråd.
Bilete frå Bjørgvinsamtalen 2025 i Sogn og Fjordane. Foto: Rune Garmann
Lenken er kopiert til utklippstavlen din!
Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit 951 36 898 Klikk for å vise e-post
Seniorrådgjevar ungdom, kultur og organisasjon Torfinn Wang 981 26 125 Klikk for å vise e-post
Seniorrådgjevar ungdom, kultur og organisasjon
Bjørgvinsamtalen for Sogn og Fjordane 26. september
Bjørgvinsamtalen for Hordaland 27. september