Brennmanetene har masseførekomst langs Skagerrakkysten; blå brennmanet nådde Slettnes i Finnmark
Masseførekomst av brennmanet og ein eksotisk gjest | Havforskningsinstituttet
Masseførekomst av brennmanet og ein eksotisk gjest
Brennmanetene har førekomt i store mengder langs kysten av Skagerrak i sommar. No er også nokre bidevindselgarar og klamremaneta kome til norskekysten att.
Brennmanetene har farga kysten raud og blå, og nokre bidevindseglarar har igjen funne fram til kysten.
Publisert: 04.09.2026 Forfatter: Bente Kjøllesdal
– Manetsommaren har vore veldig hektisk, seier havforskar Tone Falkenhaug. Ho forskar på plankton, og deriblant maneter.
– Første veka i juli var heile Skagerrakkysten prega av masseførekomstar av brennmanet, og særleg blå brennmanet var det uvanleg mykje av.
Både den raude brennmaneta ( Cyanea capillata ) og den blå brennmaneta ( Cyanea lamarckii ) er vanlege feriegjester langs Norskekysten. Frå å vere ein meir sjeldan gjest, har førekomsten av blå brennmanet auka dei siste 10 til 20 åra.
I løpet av sommarmånadane vart blå brennmanet observert heilt nord til Slettnes i Finnmark.
I år har også maneta bidevindseglar ( Velella velella ) dukka opp igjen. Ho vart først observert i Noreg i 2011, før ho dukka opp for andre gong i 2023 .
No er maneta tilbake igjen.
Gjennom folkeforskingsplattforma Dugnad for havet , har Falkenhaug fått meldingar om bidevindseglar langs Jærstrendene i Rogaland og éin observasjon frå Oslofjorden.
– Endå bidevindseglar lever i alle verdshav, lever maneta primært i varmare havområde. Det er sjeldan ho kjem så langt nord, men uvanleg vind og straumforhold kan føre ho langt av stad, seier Falkenhaug.
Den vesle maneta ser nesten ut som ei lita jolle med seglet til topps. Sjølv om ein kallar det eit segl, er det meir som ein kjøl – polyppen sit nemleg opp-ned.
Seglet let maneta drive dit vinden fører ho. Det er også difor ho vert kalla bidevindseglar på norsk, og på engelsk by-the-wind-sailor.
Les meir om bidevindseglar her: Maneta har med seg ein eigen sukkerfabrikk
Utover seinsommaren er det kome fleire observasjonar av klamremaneta ( Gonionemus vertens ). Klamremanet er ein framandart i Noreg, og høyrer eigentleg heime i Stillehavet.
Ho er eit nesledyr, som brennmaneta. Trass i at klamremaneta er liten, har ho ei kraftig neslegift.
– Klamremaneta førekjem ofte åleine og kan halde seg på same plass over lenger tid. «Klebeplater» på tentaklane let ho knipe seg fast i ålegras og tang på dagtid. På natta sym ho til overflata for å fange mat, forklarar Falkenhaug.
Ein annan framandart har også meldt sin ankomst, nemleg den amerikanske lobemaneta.
Ho vart oppdaga i norske farvatn for første gong i 2005, og er no eit vanleg syn langs kysten.
– Den amerikanske lobemaneta kan bløme opp fort, og er eit glupsk rovdyr, seier Falkenhaug.
Om du ser maneter, meld frå via Dugnad for havet .
Ikke gå glipp av disse:
Dette er de vanligste manetene i Norge
Kvifor er det så mykje maneter?
10 ting du ikke visste om maneter
Slik melder du inn observasjoner i Dugnad for havet
Først må du registrere deg via Dugnad for havet – det let havforskarane kvalitetssikre funnet ditt.
For maneter er det obligatorisk å fylle inn dato, stad, om lag kor mange maneter du såg og om du såg desse frå land eller til sjøs.
I tillegg er dette lurt å hugse på:
Ta bilete av funnet! Ta gjerne fleire bilete, frå forskjellige vinklar. Det kan også vere lurt å ha med noko i bilete som let forskarane sjå storleiken på det du har funne.
Ei detaljert, skriftleg skildring av funnet ditt er spesielt viktig dersom du ikkje har foto.
Vil du overvake same plassen over tid, og såleis lage din eigen tidsserie? Be om tilgang til prosjektet Overvåkning av maneter ved din favorittplass i Dugnad for havet.
Her er oppskrifta på korleis du lagar tidsserien.