Statens vegvesen flyttar tunnelpåhogget ved Storehaugen, E39 mellom Storehaugen og Førde; 6 km kortare veg

Ber om innspel til reguleringsendring | Statens vegvesen

Ber om innspel til reguleringsendring

Statens vegvesen vurderer å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen lenger mot nord, og kjem difor med ei reguleringsendring. Frist for innspel er 13

Statens vegvesen har ein vedteken detaljreguleringsplan for E39 mellom Storehaugen og Førde frå 16. februar 2023. I samband med optimalisering av vegprosjektet for å redusere kostnadane og nytte meir av eksisterande veg, har ein konkludert med at det er mogleg å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen ca. 600-700 meter lengre nord, frå Myra til Langeland. Dette vil gje ein kortare tunnel og ein kan nytte meir av eksisterande veg.

Kryss med fv. 57 vert føreslått som eit T- kryss med høve til kryssutbetring. Kryss med eksisterande E 39 er føreslått som eit hankkryss med to T- kryss med høgresving av og på, og med bru over ny E39. Ved Skilbreivegen er det høve til å etablere ein kontrollplass.

Ny E39 vert om lag 6 km kortare enn dagens veg. Prosjektet vil gje auka trafikktryggleik, betre framkomst og betre regularitet langs E39 til Førde. Reisetida vert redusert og trafikantane får lågare transportkostnader.

Arbeidet blir gjort i samarbeid med Sunnfjord kommune, og vi ynskjer oss no innspel på reguleringsendringa. Fristen er 13. oktober , og du kan kome med dine innspel her:

Føremålet med endring av reguleringsplanen er å sikre nok areal til etablering av nye vegar, anlegg for kollektivtrafikk, kontrollplass og mjuke trafikantar, samt rigg- og anleggsområde på Storehaugen-sida av E39.

Bygging av tunnel vil gje eit masseoverskot, bruk og plassering av massar er ein del av planarbeidet. Når reguleringsendringa er vedteken, vil området ved Myra verta tilbakeført

Vi vil presisere at det ikkje blir endring på reguleringsplanen i dagsona på Bruland-sida.

Sjå alle nyheiter frå Statens vegvesen