Tingvoll kyrkje og Straumsnes sokneråd Open kyrkjehelg i Tingvoll og Straumsnes; alle arrangement er gratis

Velkomen til Velkomen til OPEN KYRKJEHELG 16. - 18. oktober 2026 16. - 18. oktober 2026 FULLDISTRIBUSJON KONSERTAR FØREDRAG PUSLESPEL BEAT FOR BEAT NATTKINO UTE RUTS BOK Tingvoll og Straumsnes Treskulptur laget av Ola Sagli: Frans av Assisi (1182-1226) Foto: O.E.Stendahl

TINGVOLL Fredag 16. oktober 17.00 PUSLESPEL i Tingvoll kyrkje Årets puslespel, med 1000 bitar, vert opna. Du kan vera med og pusla gjennom heile helga. 18.00 FØREDRAG: Gravferdsskikkar i mellomalderen i Tingvoll kyrkje Vis meg grava di og eg skal fortelja deg kven du er. I mellomalderen spegla gravstaden din rang og stand. Hege Roaldset tek oss med inn i mellom- alderens gravkultur – frå kongelege gravkyrkjer i Europa til Mariakyrkja i Oslo, kor kong Håkon V vart gravlagd. Ho vil òg trekkja liner til Tingvoll kyrkje, Kven fekk æra av å kvila innanfor desse murane? OPEN KAFE i menigheitshuset frå kl.19.00 Kafeen er stengt når det er arrangement i kyrkja 19.30 BEAT FOR BEAT i menigheitshuset Vi gjentek suksessen frå i fjor med vår eigen variant av Beat for Beat! Også i år vil du få treffa lokale og tilreisande deltakarar i ei uformell og triveleg musikktevling. Eit fint familiearrangement, der både små og store kan vera med og gjetta på songar, halde styr på poenga, delta i allsongen og heia fram favorittlaget sitt. Programleiar er Janne Olden. 21.30 KVELDSGUDSTENESTE i Tingvoll kyrkje, med musikk/salmar frå Taizé. Laurdag 17. oktober 14.00 OPEN KYRKJE Kom og delta i puslinga av årets puslespel. OPEN KAFE i menigheitshuset frå kl.14.00 Kafeen er stengt når det er arrangement i kyrkja 16.00 FØREDRAG: Forsvarstale for eit vondt menneske i Tingvoll kyrkje v/ Jørn Øyrehagen Sunde. Fredag 16. august 1771 vart Kari Knutsdatter halshoggen og hovudet hennar sett på ein staur til skrekk og åtvaring. Ho var dømt for å ha drepe fire av sine fem barn og kona til elskaren sin. Det kan ikkje bortforklarast eller rettferdiggjerast. Men var ho vond? Livet til Kari Knutsdatter gjev ikkje berre anledning til å ut­ forska dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet, men òg kvinner sine kår, og då særleg kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, og det store spørsmålet: Kva er vondskap? 18.30 KONSERT i Tingvoll kyrkje, Sandbukt og By – streng møter pipe Øystein Sandbukt er gitarist, arrangør og komponist frå Ålvundeid. Han har funne sitt uttrykk gjennom å bearbeida nordmørske feleslåttar for gitar på mange ulike vis. På denne konserten får vi høyra han i samspel med kantor Vegard By på orgel. Repertoaret spenner frå vare folketonearrangement til låter sterkt inspirert av Knut Reiersrud og Iver Kleive sine innspelingar. Publikum er òg lova eit par heftige overraskingar! Open kyrkje 16. - 18. oktober 2026 - PROGRAM Alle arrangement er gratis. Du kan gje frivillig kollekt via vipps Kyrkja er open for ljostenning og puslespel-pusling frå fredag til sundag Arrangør: Tingvoll og Straumsnes sokneråd Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistore ved UiO, og har fått fleire prisar for si unike formidlingsevne. Hege Roaldset er historikar ved OsloMet, og halvt torjulvåging. (Foto: OsloMET)

STRAUMSNES 20.30 RUTS BOK, EI KJÆRLEIKSHISTORIE Tingvoll kyrkje: Skodespelar Unn Catodotter Fyllingsnes les Ruts bok frå Det gamle testamentet. Innleiing ved Åsmund Ormset. Toril Stendahl syng «Ruts sång» T./M.: Anna Sellèn 21.30 KVELDSMAT Kveldsmat i Tingvoll menigheitshus 22.30 NATTKINO PÅ KYRKJEVEGGEN Årets film: A river runs through it/Der elvene renner (1992). Med Brad Pitt, Craig Sheffer m.fl. Regi: Robert Redford. Speletid: 2 timar. Opplev film på den store nord-veggen ute på Tingvoll kyrkje. (Inne i menigheitshuset ved dårleg ver.) Sundag 18. oktober 11.00 FAMILIEGUDSTENESTE i Tingvoll kyrkje

  • Utdeling av bok til 4- og 6-åringane
  • Presentasjon av konfirmantar 2026/27 12.00 KYRKJEKAFFI Kyrkjekaffi på kyrkjebakken rett etter gudstenesta. 13.00 HELGENVANDRING til Saglimana Familietur frå Sellgren til foten av Saglimana. Turen er ein liten kilometer lang, og passar for både små og store. Vi stopper undervegs og høyrer om dei unike helgenstatuane til Ola Sagli, som er utplassert i området (sjå forsida av foldaren). Aktivitetar til borna langs vandringa. Der du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg bli gravlagd. RUT 1,16B-17A Laurdag 17. oktober 11.00 OPEN KYRKJE
  • Puslespel med motiv frå Straumsnes kyrkje
  • Kafé bak i kyrkjerommet frå 11.00 til 16.00
  • Rebus for born (3–10 år) 12.00 SMÅBORNSSONG (1-3 år) i Straumsnes kyrkje. Småbornssong er ei vidareføring av babysong. 12.00 WII OG BRETTSPEL i menigheitshuset. Open kyrkje tek steget inn i spelverda! Kom og bli med på ei uhøgtideleg, mo­ rosam og sosial samling – vi riggar til med Wii og brettspel og det som trengs. Arrangement for born og unge. 13.00 ORGLET I ORD OG TONAR Kantor Vegard By lagar spanande, fine og rare lydar, fortel om dei ulike funksjonane i orgelet og held ein liten konsert til slutt. Passar for born og (iallfall litt) leikne vaksne frå 5 til 100 år. 14.00 KONSERT med Straumsnes barnegospel, Straumsnes kirke. Dirigent: Audun Sæbø Sundag 18. oktober 15.00 OPEN KYRKJE Kaffi og pusling i Straumsnes kyrkje. 18.00 KONSERTFOREDRAG: Folketonar frå Nordmøre i Straumsnes kyrkje, med Rannveig Eikrem Rannveig Eikrem er musikkvitar frå NTNU med særleg fokus på vokal folkemusikk og religiøse folketonar. I boka «Folkemusikk frå Nordmøre» har Eikrem ordna korarrangement og folketonar samla av læra­ ren og musikaren Kristian Halse. Eikrem fortel om Halse og tonane, og presenterar eit utval av songane.

Open kyrkjehelg rettar ein stor takk til for økonomiskt støtte til årets program I kyrkjene er det mange aktivitetar og arrangement gjennom året Følg med på skjerikirken.no og kirken.no/tingvoll Returadresse: Tingvoll kyrkjekontor Prestgardsvegen 44 6630 Tingvoll FULLDISTRIBUSJON Straumsnes Barnegospel er eit kor for born frå 4-årsalderen. Vi øver annankvar onsdag klokka 18 i Straumsnes menigheitshus. Medlems­ kontingenten er 100 kr per år. Ta kontakt om du lurar på noko: Audun Sæbø: 913 88 180 Bli med i Straumsnes barnegospel Karnevalsgudsteneste i Straumsnes kyrkje Tingvoll kyrkjekor Tingvoll kyrkjekor øver på menigheitshuset på Tingvoll torsdagar mellom kl. 19.00 og 21.15. Nye songarar er hjarteleg velkomne! Om du er usikker på om dette kan vera noko for deg, er det fullt mogleg å delta på ei øving utan at du med det er forplikta til å starte i koret! Denne hausten skal koret i samarbeid med Molde dom­ kantori og seks musikarar framføre Requiem av John Rutter i Straumsnes kyrkje og i Molde domkirke på alle­ helgen. I tillegg deltek koret på julekonsert og juledags­ gudsteneste. Har du spørsmål, kan du kontakta dirigent Vegard By på telefon 48 40 50 66 eller e-post vb254@kirken.no