Tingvoll kyrkje og Straumsnes sokneråd Open kyrkjehelg i Tingvoll og Straumsnes; alle arrangement er gratis

Tingvoll kyrkje og Straumsnes sokneråd Open kyrkjehelg i Tingvoll og Straumsnes; alle arrangement er gratis Velkomen til Velkomen til OPEN KYRKJEHELG 16. - 18. oktober 2026 16. - 18. oktober 2026 FULLDISTRIBUSJON KONSERTAR FØREDRAG PUSLESPEL BEAT FOR BEAT NATTKINO UTE RUTS BOK Tingvoll og Straumsnes Treskulptur laget av Ola Sagli: Frans av Assisi (1182-1226) Foto: O.E.Stendahl TINGVOLL Fredag 16. oktober 17.00 PUSLESPEL i Tingvoll kyrkje Årets puslespel, med 1000 bitar, vert opna. Du kan vera med og pusla gjennom heile helga. 18.00 FØREDRAG: Gravferdsskikkar i mellomalderen i Tingvoll kyrkje Vis meg grava di og eg skal fortelja deg kven du er. I mellomalderen spegla gravstaden din rang og stand. Hege Roaldset tek oss med inn i mellom- alderens gravkultur – frå kongelege gravkyrkjer i Europa til Mariakyrkja i Oslo, kor kong Håkon V vart gravlagd. Ho vil òg trekkja liner til Tingvoll kyrkje, Kven fekk æra av å kvila innanfor desse murane? OPEN KAFE i menigheitshuset frå kl.19.00 Kafeen er stengt når det er arrangement i kyrkja 19.30 BEAT FOR BEAT i menigheitshuset Vi gjentek suksessen frå i fjor med vår eigen variant av Beat for Beat! Også i år vil du få treffa lokale og tilreisande deltakarar i ei uformell og triveleg musikktevling. Eit fint familiearrangement, der både små og store kan vera med og gjetta på songar, halde styr på poenga, delta i allsongen og heia fram favorittlaget sitt. Programleiar er Janne Olden. 21.30 KVELDSGUDSTENESTE i Tingvoll kyrkje, med musikk/salmar frå Taizé. Laurdag 17. oktober 14.00 OPEN KYRKJE Kom og delta i puslinga av årets puslespel. OPEN KAFE i menigheitshuset frå kl.14.00 Kafeen er stengt når det er arrangement i kyrkja 16.00 FØREDRAG: Forsvarstale for eit vondt menneske i Tingvoll kyrkje v/ Jørn Øyrehagen Sunde. Fredag 16. august 1771 vart Kari Knutsdatter halshoggen og hovudet hennar sett på ein staur til skrekk og åtvaring. Ho var dømt for å ha drepe fire av sine fem barn og kona til elskaren sin. Det kan ikkje bortforklarast eller rettferdiggjerast. Men var ho vond? Livet til Kari Knutsdatter gjev ikkje berre anledning til å ut­ forska dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet, men òg kvinner sine kår, og då særleg kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, og det store spørsmålet: Kva er vondskap? 18.30 KONSERT i Tingvoll kyrkje, Sandbukt og By – streng møter pipe Øystein Sandbukt er gitarist, arrangør og komponist frå Ålvundeid. Han har funne sitt uttrykk gjennom å bearbeida nordmørske feleslåttar for gitar på mange ulike vis. På denne konserten får vi høyra han i samspel med kantor Vegard By på orgel. Repertoaret spenner frå vare folketonearrangement til låter sterkt inspirert av Knut Reiersrud og Iver Kleive sine innspelingar. Publikum er òg lova eit par heftige overraskingar! Open kyrkje 16. - 18. oktober 2026 - PROGRAM Alle arrangement er gratis. Du kan gje frivillig kollekt via vipps Kyrkja er open for ljostenning og puslespel-pusling frå fredag til sundag Arrangør: Tingvoll og Straumsnes sokneråd Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistore ved UiO, og har fått fleire prisar for si unike formidlingsevne. Hege Roaldset er historikar ved OsloMet, og halvt torjulvåging. (Foto: OsloMET) ...

September 17, 2026